Skriv og meldingar
Referat frå
Årsmøte i Vanylven Sogelag
28.04.22 kl. 19.00 på ungdomshuset.
Sakliste for årsmøte:
- Godkjenning av innkallinga. Godkjend.
- Godkjenning av saklista. Godkjend.
- Val av møteleiar. Gunnar P, Strand.
- Val av møtebokskrivar. Ove Bøstrand.
- Val av to til å underskrive møteboka. Laila Haugen og Ståle Thunem.
- Årsmeldingar:
Årsmelding frå styret. Godkjend.
Årsmelding frå fotoregistreringsnemnda. Godkjend.
Årsmelding frå arkivnemnda. Godkjend.
Årsmelding frå tidsskriftnemnda. Godkjend.
Årsmelding for fjell og utmark. Godkjend.
- Rekneskap. Godkjend.
- Val:
Vedlegg frå valnemnda. Godkjend.
- Matykt.
- Demonstrasjon av databasen for ættesoga.
Vedlegga:
Årsmelding 2021 for Vanylven Sogelag.
Vanylven sogelag har fylgjande føremål:
Sogelaget har til føremål å vekkje og nøre opp under interessa for slekt, soge, folkeminne, segner og tradisjonsstoff, og ta vare på dette ved å få det nedskrive. Det skal og samle inn og ta vare på dagbøker, brev, bilete og anna av historisk verdi. Sogelaget vil vidareføre bygdebokarbeidet, og gje ut tidsskriftet Fotefar.
Sogelaget hadde 209 medlemmar i 2021, av dei er det 3 æresmedlemmar.
Laget er organisert med eit hovudstyre og fylgjande nemnder:
Tidsskriftnemnda
Fotoregistreringsnemnda
Arkivnemnda
Valnemnda
I 2021 har styret hatt fylgjande samansetjing:
Leiar: Gunnar P. Strand
Nestleiar: Audun Kvalsvik
Sekretær: Arild Henden
Kasserar: Kåre Vidnes
Styremedlem: Jermund Rekkedal
Vara til styret og valnemnd:
- Helge Norhagen
- Ove Bøstrand
- Eli Fiskaa
Tidsskriftnemnda har hatt fylgjande samansetjing:
Ole Magne Kvalsvik – leiar
Knut Øverberg
Helge Norhagen
Kåre Moen
Guri D. Brekke
Åse Myrvoll
I tillegg har Olav Opsal og Asbjørn Lade frå Syvde sogelag, og Inge Kløvning frå Åram vore med i nemnda.
Fotoregistreringsnemnda har hatt fylgjande samansetjing:
Laila Haugen – leiar
Marit Margrete Berget
Kjell Berge
Ståle Thunem
Idar Rusten
Roger Haugen
Anlaug Stokseth – Åram
Kirsti Hoel – Syvde
Arkivnemnda har hatt denne samansetjinga:
Laila Haugen – leiar
Marit Margrete Berget
Helge Norhagen
Ove Bøstrand
Revisorar dette året har vore Idar Rusten og Elsa Åland.
Året har vore prega av coronaomsyn både når det gjeld møteaktivitet og andre aktivitetar, men trass i det har det vore halde ein del styremøte og arbeidd med digitalisering av ætteboka.
Styret har hatt 10 vanlege møte dette året. I tillegg har vi hatt eitt ”pakkemøte” for Fotefar, to møte der Ståle Thunem og Helge Takseth har vore med for å drøfte arbeidet med ætteboka, og desutan eit opplæringsmøte om kontrollering av ætteboka. Gunnar P. Strand og Arild Henden har hatt ein del konferansar med Osberget v. Magne Grimstad både i Ulsteinvik og på telefon for å drøfte arbeidet med ætteboka, og dei har og hatt eit møte med Asle-Geir Johannesen om muleg å lage ei bygdesoge.
Mykje av arbeidet dette året har dreia seg om digaliseringa av ætteboka og korleis dette skulle gjerast. Dette er eit ”nybrotsarbeid” både for sogelaget og Osberget, og 1.desember fekk sogelaget ein e-post frå Osberget der dei beklaga at dei hadde undervurdert arbeidsmengda, og gav då sogelaget tilbod om å avslutte arbeidet og få tilbakebetalt det som var betalt for arbeidet deira, eller å halda fram med arbeidet og gjere databasen ferdig, men då måtte vi rekne med ei meirutgift på 100 000 kr for å dekkje det meirarbeidet som det ville bli. Mykje av dette meirarbeidet var kontroll av databasen opp mot Thunemsbøkene. Styret fann ut at dei ville prøve å spare pengar og gjennomføre kontrollen sjølve og kontakta nokre personar som saman med styret skulle prøve å gjere dette arbeidet. Osberget var villig til å kurse oss i dette arbeidet og samla oss til eit opplæringsmøte. Då deltakarane blei klar over vanskegraden og arbeidsmengda trekte mange seg, og møtet ”kokte ut i kålen”. Etter å ha søkt råd med Ståle Thunem og Helge Takseth og drøfta det i styret, fann vi ut at vi hadde lagt så mykje arbeid i å digitalisere ættebøkene at vi ville gå vidare med arbeidet i lag med Osberget. Dette fører til at arbeidet med ei ny bygdebok må leggast til sides av økonomiske grunnar.
Når Vanylven Sogelag har fått ferdig arbeidet med databasen, og knytta den opp mot heimesida, vert det mykje enklare for dei andre sogelaga i kommunen å leggja inn sine data. Med ættesoga i ein database er det enkelt å oppdatere, og dette vil då bli ei arbedsoppgåve i tida framover.
Fotoregistreringsnemnda måtte ut frå det romet dei hadde i Latorbygget, og sogelaget har no leigt to rom i Sylte Grendahus. Det har vore ein del arbeid med denne flyttinga: montere varmeovnar (med ”ring varmt”-opplegg) og hyller og bord. I tillegg måtte vi kjøpe mobilt internett som sogelaget kan bruke .
Sogelaget har og fått ordna seg med Vipps-konto. Kontonummeret er 715090.
Styret hadde og tenkt å få til sogevandringar kringom i kommunen, og sett opp ein plan for dette, men desse vandringane vart sett ut til dette året. Hovedgrunnen var coronaen, men og beitedyr (Hundsnesfeltet) og at gruva måtte tømast.
Når det gjeld arbeidet i nemndene viser vi til eigne årsmeldingar frå dei.
Årsmelding Foto nemnda 2021
Styret har vore:Leiar Laila Haugen, Marit Margrete Berget, Roger Haugen, Kjell Berge, Annlaug Stokset, Kirsti Hoel og Ståle Thunem.Eg har ikkje hatt noko møte med fotonemnda i år pga. Korona.
Har jobba mykje med Norsk flyfoto 1955, vart ferdig i november. Eg la ut 3-4 bilder på facebooksidene «Gamle bilder Vanylven og Selje Stadt» sine sider, fekk svar og la ut nye bilder.
Spesiellt fekk eg mykje hjelp av Jan Petter Hoddevik med fleire frå Stadt. Samme gjorde eg med gamle bilder frå Vanylven, der fekk eg mykje hjelp av Idar og Edel Rusten, Elisabeth Sporsheim, Hallstein Ljoså, Magnhild Stranden med fleire. Fant gards og bruksnummer på Norgeskart slik at eg kunne legge til dagens eigarar. Det var mykje arbeid!
Flytting av lokale – 1. desember møtte Svein, Marit, Ståle, Sandra, Gunnar og eg. Ole Magne Kvalsvik møtte oss der. Har fått større plass å jobbe på!
Har vore i kontakt med Gudrun Borg om Lefdalsbilda, har sagt at ho skulle sjå på lefdalsbilda i lag med mora.
Roger har sjekka ut om Eide bilde, men umulig å få meir info om dei bilda.
Har vore kontakt med erstatteren til Ragnar Albertsen, ho heiter Anne Tømmervåg. Hørte med henne om det er mulig å kopiere Stadt/Selje flyfoto til Vestland sin base. Og korleis vi skal legge inn bilder i framtida. Då tek vi kontakt med henne, så får vi ein link som vi då kan legge inn bilder på.
Heimeside – Forstår det slik at vi kan starte med arbeidet å legge inn bilder på heimesida vår.
Laila Grethe Haugen
Årsmelding Arkiv nemnda 2021
Styret har vore:Leiar Laila Haugen, Marit Margrete Berget, Helge Norhagen og Ove Bøstrand.
Vi har ikkje hatt meir enn eit par jobbemøter i år pga. korona.
Februar var vi på kommunearkivet og såg igjennom forskjellige papirer, permer m.m.
Vi tok med oss arkivbokser og ein del papirer ned på Latorbygget. Ove, Helge og Marit hadde ei arbeidsøkt på nokre timer med sortering i arkivbokser. Tok det med meg heimatt, for igjennom alt, stifter og binders vart fjerna. Etikettar vart limt på, og levert på kommunearkivet. Har laga lister over alle fotefarmagasina.
Held på med digitalisering av arkivet vårt i kommunekjelleren.
Flytting av lokale – 1. desember møtte Svein, Marit, Ståle, Sandra, Gunnar og eg. Ole Magne Kvalsvik møtte oss der. Har fått større plass å jobbe på!
Har vore kontakt med erstatteren til Ragnar Albertsen, ho heiter Anne Tømmervåg.
Laila Haugen
Årsmelding skriftnemnda Fotefar 2021.
Medlemmar: Ole Magne Kvalsvik, red.,Olav Opsal, Helge Norhagen, Asbjørn Lade, Guri Dragseth Brekke, Aase Myrvoll, Inge Kløvning, Knut Øverberg, Kåre Moen.
Skriftnemnda starta arbeidet 31. august, og fekk heftet klart til trykking i slutten av oktober. Litt varierande kva ein elles kunnskapsrik og positiv gjeng i nemnda sjølve kunne bidra med, men utanom dette hadde vi liggande litt innsendt stoff, særleg frå nordre del av kommunen, og noko kom til, som vanleg.
Såleis synst vi også i år at det vart eit brukbart hefte med stoff frå mange bygder, om ikkje heilt på høgde med året føre. Tilbakemeldingane har også vore gode på mykje av innhaldet. Ved sida av nemnda sine eigne bidrag, der vi serleg nemner Inge Kløvning sin tekst om hakallestranda Fiskeindustri og Aase Myrvoll sine notatar etter Anne Myklebust, må vi trekkje fram Ove Bøstrand sine stykke om småindustri på Rusta som noko som mange hugsar og har eit forhold til, og difor fann interessant.
Vidare leverte Jostein Norvik som vanleg grundig og gjennomarbeidd materiale, Helge Hånes fortalde om Riddarveane på Rovde. Vi hadde innlegg frå Geir Nordal om timbrestova på Sandnes og to meir lettare tekstar av Lars Almklov og Else-Mari Humberset, ved sida av litt anna småstoff. Mest saknar vi som før om åra bidragsytarar på Åheim, der vi henta fram eit rett nok interessant stykke av Ottar Nevstad om kunstnaren Jørgen Skåre, men som tidlegare er brukt i Synste Møre og såleis varlitt kjent innhald foe ein del.
For komande år har vi no også liggande nokre tekstar som ikkje vart med i 2021, og har såleis litt å starte med til hausten, samt nokre idear som vi vil prøve å ta fatt i. Takk til engasjerte medlemer i nemnda for positivt samarbeid og så reknar eg med at vi er klare til ein ny frisk etter sommaren.
For skriftnemnda 2021
Ole Magne
Årsmelding 2021 Registeringar i utmark og fjell
Totalt har ein no ca 260 registrerte punkt.
Dekninga er:
- Hovdasida, dvs Krokvik- Eide nesten 100% av aktuelle pkt.
- Tunheim – Skjervheim, berre 2-3 pkt
- Vidnes – Skalde , ca 45 pkt
- Skalde – Løvoll, 3-4 pkt
- Løvoll –Gusdal , nord for elva, ingen
- Gusdal – Almklov, 2 pkt
- Sætrenes, Sunndal – Gamlesætra, full dekning
- Beksle-Maurstadeidet, Skorge, bortimot full dekning.
I Corona-tida har det omtrent ikkje vore registrert nye pkt og det synst eg er leitt. Minna grør ned og forfell fort no. Folk med minne om namn og bruken av minna forsvinn også.
Eg synst dette er spesielt synd for Åheimsdalen avdi husdyrbruken må ha vore ein viktigare del av næringsgrunnlaget der enn for dei som kunne drive «kokefiske» i fjorden i tillegg.
Eg trur Corona må få noko av skulda for dette. Det har vore vanskeleg å samle og motivere folk.
10.03 2022
Gunnar Strand
Vanylven Sogelag – Rekneskap 2021
2021 2020
Resultat pr. dato -114 936,74 -104 639,95
INNTEKTER
Medlemspengar 39 573,00 35 350,00
”Fotefar” sal 24 735,11 45 565,00
Salg bilete 0,00 0,00
Nye Ættesogene 8 923,84 2 250,00
”Sætherbøkene” 3 285,99 1 850,00
Støtteannonser ”Fotefar” 5 000,00 7 000,00
Div. inntekter/Storegjerdeboka 16 777,00 3 530,00
SUM 98 294,94 95 545,00
UTGIFTER
Porto/gebyr/div. 148 260,20 108 718,20
Forsikring 5 893,00 5 573,00
Annonseutlegg 2 466,00 2 643,75
Husleige 23 500,00 0,00
Trykking ”Fotefar” 33 112,00 83 250,00 213 231,70 200 184,95
Overskot/Underskot -114 936,76 -104 639,95
Disponible midlar: Pr. dags dato
Kassabeholdning 0,00 0,00
Bank 3972 20 19869 107 619,87 72 556,61
Bank 3972 15 81091 101 651,20 251 651,20
Totalt 209 271,07 324 207,81
22. februar 2022
Kåre Vidnes (sign.)
Kasserar
10.03.22
Ingen merknad.
Elsa Aaland (sign), Idar Rusten (sign)
(Rev.) (Rev.)
Framlegg frå valnemnda 22:
Styret (vald for to år)
Instilling frå valnemnda :
Leiar: Gunnar P. Strand – ikkje på val
Nestleiar: Audun Kvalsvik – på val – attval
Sekretær: Arild Henden – ikkje på val
Kasserar: Kåre Vidnes – på val – attval
Styremedlem: Jermund Rekkeda – ikkje på val
Varafolk og valnemnd: På val kvart år
Helge Norhagen – på val attval
Ove Bøstrand – på val attval
Eli Fiskaa – på val attval
Tidsskriftnemnd: Vald for to år
Leiar: Ole Magne Kvalsvik – på val attval
Medlem Knut Øverberg – ikkje på val
Medlem Helge Norhagen – på val attval
Medlem Kåre Moen – på val Heidi Endal
Medlem Guri Dragset Brekke – ikkje på val
Medlem Åse Myrvoll – ikkje på val
Fotoregistreringsnemnd: Vald for to år
Leiar Laila Haugen – på val attval som medlem
Medlem Marit M. Berget -ikkje på val
Medlem Ståle Thunem – ikkje på val
Medlem Kjell Berge – på val attval, som leiar
Medlem Roger Haugen – på val attval
Medlem Idar Rusten – ikkje på val
Medlem Anlaug Stokset – frå Åram
Medlem Kirsti Hoel -frå Syvde
Revisorar Vald for eitt år
Elsa Aaland -på val attval
Idar Rusten -på val attval
Arkivnemnd Vald for to år (etter vedtektene er ”alle faste nemnder valde for to år” når ikkje noko anna er bestemt).
Leiar: Laila Haugen – på val attval
Medlem: Marit Margrete Berget – på val attval
Medlem: Helge Norhagen – på val attval
Medlem: Ove Bøstrand – ikkje på val
Ny medlem vald for eitt år – startåret- Gunnar P. Strand