Historie, foto

Olaf Storegjerde og «Syvdesamlinga»

Olaf K. Storegjerde var fotograf i Sande, og fotograferte også mykje i Vanylven, Syvde og på Rovdestranda frå tidleg 1900-tal og til han døde i 1958.
Etter at Storegjerde døde, fekk dåverande Syvde kommune hand om nokre av negativplatene til Storegjerde, og med tida fekk Syvde sogelag overta desse negativa. I 1997 vart dei digitaliserte av Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal, men bilda vart ikkje gjort tilgjengelege for publikum før i 2021. Dei originale negativa er no plasserte i klimaregulert fotomagasin i Fylkesfotoarkivet.

Kopiane av desse negativplatene er merka som «Syvdesamlinga», som også inneheld ein del bilde frå Vanylven, Rovde og Sande i tillegg til bilde frå Syvde. Det er ca. 380 negativ, men ved publiseringa av kopiane i 2021 vart det i nokre tilfelle sett saman kopiar av fleire negativ på ei avfotografering, så ved søk i arkivet står det at samlinga har 374 bilde.
Vil du sjå desse kopiane kan du klikke deg inn på lenkja nedanfor:

Syvde sogelag si samling av negativplater etter fotograf Storegjerde 

JN


Sverre A. Brudevoll 

Sverre Brudevoll var fødd på garden Brudevoll i Syvde i 1917. I 1939 gikk han i lære hos  fotograf Martin Ringstad i Stranda kommune.
Sverre kom på mange måtar til å ta opp fotografarven etter Olaf Storegjerde i våre bygder, og vi veit f.eks. at Storegjerde fotograferte konfirmantkullet i Syvde i 1941, og Sverre Brudevoll fotograferte konfirmantkullet i Syvde i 1942. Seinare fotograferte Sverre alle konfirmantkulla fram til 1993.

Sverre Brudevoll døde i 1999, og negativsamlinga til Sverre vart overlaten til Fylkesfotoarkivet. Materialet etter Sverre går langt inn i vår eiga tid, og med den nye personvernlovgivinga vil det vere eit omfattande arbeid å ivareta alle juridiske rettar med omsyn både til fotograf og dei som er fotograferte. I dag er berre ein liten del (1 429 foto) tilgjengelege for pulikumssøk i arkivet.

Tilgjengelege Brudevollbilde august 2022.

JN

Sogelaga i Vanylven